Fastsatt som forskrift av Utdanningsdirektoratet 1. juni 2021 etter delegasjon i brev av 13. september 2013 fra Kunnskapsdepartementet med hjemmel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Den nye versjonen av læreplanen for Vg3 hestefaget (HST03‑02) innføres for vg3 fra 1.8.2022. Læreplanen er gyldig for yrkesfaglig fordypning på vg1 og vg2 fra 1.8.2021.
Læreplanen kan også lastes ned her: Læreplan i vg3 hestefaget (HST03‑02)
Om faget
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 hestefaget handlar om hesten som ressurs i næring, sport og fritid. Faget
skal gi lærlingane kompetanse i hald og bruk av hest, og drift av
hesteverksemd. Vidare skal faget bidra til samspelet mellom samfunnet og
hestenæringa, og til kunnskap om kva rolle hesten har for folkehelse, kultur,
natur og miljø. Faget skal òg bidra til at hestenæringa har tilgang til
sjølvstendige og omstillingsdyktige hestefagarbeidarar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3
hestefaget skal bidra til kunnskapsbasert praksis og verdiskapande verksemd
basert på kritisk tenking. Faget skal òg bidra til refleksjon og etisk medvit,
som er ein føresetnad for å kunne balansere ulike behov opp mot kvarandre.
Hestevelferd og sikkerheitstankegang er òg grunnleggjande verdiar i vg3
hestefaget. Vidare skal faget bidra til at lærlingane får kunnskap om pliktene
og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren, og om trepartssamarbeidet,
der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og myndigheiter jobbar saman for å utvikle
eit betre arbeidsliv.
Kjerneelement
Hestevelferd
Kjerneelementet hestevelferd handlar om hald og bruk av hest på ein slik
måte at det fremjar hestevelferd og hestehelse. Det handlar òg om stell og
handtering, og å kjenne att og førebyggje helse- og åtferdsproblem. Det
handlar vidare om kunnskapar om hesten sin natur, anatomi, fysiologi, fôring,
sjukdommar og skadar. I tillegg handlar det om å reflektere over og
respektere behova og eigenverdien til hesten.
Stalldrift og næringsverksemd
Kjerneelementet stalldrift og næringsverksemd handlar om å ha ansvar for og
bruke hest i næringsverksemd, og om å drifte stall og anlegg. Det handlar òg
om stallarbeid og bruk av reiskapar og verktøy som er vanlege i næringa.
Vidare handlar det om korleis hald og bruk av hest påverkar menneske,
samfunn og miljø, og korleis det ytre miljøet påverkar hesteaktiviteten.
Kjerneelementet handlar òg om kundeservice og kommunikasjon med
myndigheiter, oppdragsgivarar, kundar, kollegaer og nærmiljø. Dessutan
handlar det om grunnleggjande økonomi, marknadsføring og
næringsutvikling.
Sikkerheit og kvalitet
Kjerneelementet sikkerheit og kvalitet handlar om å utføre arbeid med hest i
samsvar med gjeldande regelverk og på ein måte som tek vare på sikkerheita
til ein sjølv, andre og hesten. Det handlar òg om kvalitetssikring av verksemda
og å vurdere risiko i det daglege arbeidet. Vidare handlar det om samarbeid
med andre yrkesgrupper og å lese og forstå språket og åtferda til hesten. I
tillegg handlar det om rutinar og ansvar i arbeidet, og om å følgje utviklinga på
fagområdet.
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 hestefaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring
om korleis stallen som arena for menneske i alle aldrar på tvers av kjønn,
livssituasjon og funksjonsevne øver opp evna til samarbeid og samhandling.
Det handlar vidare om å handtere relasjonar mellom menneske og mellom
menneske og dyr, og om å setje grenser og respektere andre. Det handlar òg
om korleis omgang med hest kan bidra til folkehelsa gjennom fysisk aktivitet
og fellesskap, og til utvikling av sjølvstende og sjølvbilete for den enkelte.
Berekraftig utvikling
I vg3 hestefaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om
korleis hald og bruk av hest påverkar miljøet. Det handlar òg om utfordringar
knytte til bruk av matjord og ressursar til areal, beite og produksjon av
hestefôr, og om korleis hesten bidreg til å ta vare på kulturlandskapet og
utnyttar område som ikkje er eigna for dyrking.
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 hestefaget inneber å lytte, gi respons, rettleie
andre, grunngi val fagleg og diskutere forslag og løysingar. Vidare inneber det
å bruke fagspråk i samarbeid med kollegaer, kundar og andre yrkesgrupper,
og tilpasse kommunikasjonen til mottakar og formål. Refleksjon over eige
arbeid og presentasjon av arbeidet for ulike målgrupper inngår òg.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 hestefaget inneber å rapportere og dokumentere arbeid
med hest, og føre oversikt over planlagt og utført arbeid. Vidare inneber det å
utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og å bruke
kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Det inneber òg å lage
kvalitetssystem og rutinebeskrivingar, og å kommunisere skriftleg med andre.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 hestefaget inneber å lese og forstå språket og åtferda til
hesten, og å lese og forstå ulike fagtekstar, instruksar og regelverk. Vidare
inneber det å hente inn informasjon på ein effektiv måte, bruke kjelder på ein
kritisk måte som lar seg etterprøve, og å tileigne seg fagkunnskap i debattar
om næringa og næringsinteresser.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 hestefaget inneber å setje opp, bruke og behandle tal og
utrekningar i drifts- og økonomistyring, ulike tabellar, diagram og enkel
statistikk. Vidare inneber det å velje framgangsmåtar og å stille inn og
tilpasse utstyr. Det inneber òg å setje opp trenings- og framdriftsplan, fôrplan
og oversikt over fôrbehov, berekne arealbehov og materialforbruk, rekne med
ulike parametrar og vurdere utforming av bygningar, anlegg og uteområde til
hest.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 hestefaget inneber å bruke digitale ressursar i arbeid
med hest, dagleg drift og kommunikasjon med kundar og andre. Vidare
inneber det å søkje etter og hente inn informasjon og å utvikle etisk medvit og
vise digital dømmekraft.
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering vg3 hestefaget
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne:
planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere stell, bruk og hald av
hest
arbeide med hest etter gjeldande regelverk og standardar for dyrehald,
og gjere greie for relevante organisasjonar og offentlege
forvaltningsorgan
beskrive forretningsidé, organisering og eige ansvarsområde, og
vurdere samanhengen mellom innsatsfaktorar og økonomisk resultat
og korleis bedrifta kan utviklast vidare
utarbeide og bruke system for internkontroll og kvalitetssikring i den
daglege drifta av stallen
avdekkje kva behov kunden har, marknadsføre eit produkt eller ei
teneste og yte profesjonell kundebehandling
beskrive språket, reaksjonsmåtane og instinkta til hesten, handtere han
på ein trygg og etisk forsvarleg måte, og reflektere over eige
kroppsspråk og stemmebruk
ta hand om behova hesten har for fridom og flokkliv, og vurdere korleis
fôring, stell, utegang og bevegelse kan fremje velferd og helse
gjennomføre fôring med utgangspunkt i fôranalyse og fôrkvalitet, velje
fôr og berekne fôrmengd med tanke på rase, alder og bruksområde
berekne behov for og reflektere over bruk av ressursar, areal og
matjord til hestehald og fôrproduksjon, og drøfte korleis beitebruk
påverkar ulike hestar, kulturlandskap og miljø
beskrive normal utvikling, åtferd, utsjånad og bevegelse for hesten,
gjere greie for reproduksjon og vurdere kva ulike hestar er eigna til
identifisere og førebyggje smerte, mistrivsel, sjukdommar og skadar,
og utføre mønstring, enkel sårbehandling og medisinering av hest og
vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær
bruke fagspråk som er tilpassa mottakaren i kommunikasjon og
samarbeid med fagfolk, kundar, kollegaer og andre
arbeide etter hygieniske prinsipp og vurdere smittefare og setje inn
smitteverntiltak
vurdere risiko knytt til stalldrift, bruk, handtering og transport av hest,
og utføre tiltak som tek vare på helse, miljø og sikkerheit for dyr og
menneske
drive tilsyn, utføre enkelt vedlikehald og vurdere utforminga av
bygningar, innreiingar og anlegg for hest
velje, tilpasse, bruke og halde ved like utstyr og reiskapar ut frå
bruksområde og behov
bruke hest på ein allsidig måte og etter eit oppsett treningsprogram,
vurdere korleis trening påverkar hesten, og velje øvingar og
treningsmetodar ut frå nivået og alderen til hesten
handtere hestar i ulike aldre og i ulike situasjonar og gjere greie for
faktorar som kan påverke åtferda til hestar
skifte broddar, trekkje til saum og ta av sko, og vurdere behovet for
verking og skoning ut fra bruksområdet til hesten
respektere og vise omsyn til menneske og miljø og opptre varsamt ved
bruk av hest i utmark, trafikk og nærområda til stallen, og drøfte korleis
stallen som arena kan være ein samlingspunkt for ulike menneske
gjere greie for dei særnorske hesterasane og betydninga deira for
kulturarv, og drøfte kva rolle hesten har og har hatt i samfunnet og for
folkehelsa
arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i faget,
og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og
arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse.
Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 hestefaget når dei bruker
kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst
gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med
lærlingane om utviklinga deira i vg3 hestefaget. Lærlingane skal få høve til å
uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg
utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse
opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen
sin i faget.
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein
skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd
sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i vg3 hestefaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til
fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme over minst tre
vyrkedagar.
Les mer om