Læreplan i hovslagerfaget – Ny versjon

NB! Dette er den nye versjonen av læreplanen for Hovslagarfaget (HVS03‑01), som innføres fra 1.8.2021. De som har lærekontrakt for opplæring i bedrift som starter etter denne datoen, skal følge understående versjon.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. februar 2021 etter

delegasjon i brev av 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med

heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande

opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.


Gjeld frå 01.08.2021

Om faget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Hovslagarfaget handlar om å verke og sko hovane på hesten. Faget skal bidra

til å utvikle lærlingen sine handverksferdigheiter i og kunnskap om

hovslagararbeid. Hovslagarfaget skal bidra til å sikre dyrevelferda og til at

hesten kan brukast i arbeid, sport og fritid. Vidare skal faget bidra til at

hestenæringa har tilgang til sjølvstendige og omstillingsdyktige hovslagarar.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa.

Hovslagarfaget skal bidra til respekt for naturen og velferda til hesten, og til

forståing av korleis hovslagararbeidet påverkar hoven, helsa og prestasjonen

til hesten. Faget skal bidra til kritisk tenking og etisk medvit om forholdet

mellom kva marknaden krev, og kva behov hesten har. Vidare skal

handverksferdigheiter og fagkunnskap danne grunnlag for nytenking og for å

omsetje idear i handling. Faget skal òg bidra til kunnskap om pliktene og

rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om betydinga av

trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter

jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.


Kjerneelement

Verking og skoing

Kjerneelementet verking og skoing handlar om å verke og sko hest på ein slik

måte at hesten kan brukast i arbeid, sport og fritid, og at arbeidet bidreg til å

fremje haldbarheit, velferd og prestasjonane til hesten. Det handlar om å

tilpasse verkinga og skoinga til kvar enkelt hest ved å bruke og meistre

arbeidsteknikkar, verktøy og materiale på ein sikker og effektiv måte. Vidare

handlar det om korleis verkinga, ulike beslag og ytre faktorar som bruk,

underlag, levemiljø og eksteriør påverkar hoven, bevegelsane og

prestasjonane til hesten.

Hestehelse og hestevelferd

Kjerneelementet hestehelse og hestevelferd handlar om slitasje, skadar og

sjukdommar hos hesten, om korleis dette kan førebyggjast, og om

samanhengen mellom hovslagararbeid og hestevelferd. Kommunikasjon og

samarbeid med hestehaldarar, veterinærar og andre aktørar i tilknyting til

hesten inngår òg i kjerneelementet. Vidare handlar det om kva

arbeidsoppgåver ein hovslagar skal og ikkje skal gjere når det gjeld sjuke og

skadde hestar. Det handlar òg om åtferda og språket til hesten, og om å skilje

normal frå unormal åtferd.



Sikkerheit og kvalitet i hovslagararbeid

Kjerneelementet sikkerheit og kvalitet i hovslagararbeid handlar om å utføre

verking og skoing på ein måte som er trygg og sikker for hesten, hovslagaren,

hestehaldaren og andre. Det handlar om risiko knytt til arbeid med hest, om

ulike verktøy og materiale, om varme arbeid og skiftande arbeidsmiljø og om

førebyggjande sikkerheitsarbeid og rutinar. Vidare handlar det om å vere

bevisst på sitt eige kompetansenivå og på rolla som fagarbeidar. I

kjerneelementet inngår òg kundebehandling, bedriftskunnskap og det å rette

seg etter gjeldande standardar, lover og regelverk.


Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I hovslagarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring

om å samarbeide med andre aktørar kring hesten. Det handlar òg om å yte

kundeservice og å handtere relasjonar mellom menneske og mellom

menneske og dyr. Det handlar vidare om korleis faget kan bidra til folkehelse

gjennom å vere ein del av ein tenesteytande bransje i ein marknad for næring,

sport og fritid.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i hovslagarfaget inneber å tileigne seg kunnskapar ved

å lytte til andre og diskutere fagleg innhald knytt til observasjonar og

erfaringar. Det inneber å samarbeide med hestehaldarar og å hente inn

relevant informasjon før verking og skoing. Vidare inneber det å bruke

fagspråk i samarbeid med kollegaer, veterinærar og andre yrkesgrupper, å

tilpasse kommunikasjonen til mottakar og formål, å grunngi val fagleg og å

diskutere forslag og løysingar. Refleksjon over eige arbeid og presentasjon av

arbeidet for ulike målgrupper inngår òg.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i hovslagarfaget inneber å rapportere og dokumentere verking

og skoing og å føre journal og oversikt over planlagt og utført arbeid. Det

inneber å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og å

bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Det inneber òg å lage

arbeidsteikningar og arbeidsinstruksar og å kommunisere skriftleg med

andre.



Å kunne lese

Å kunne lese i hovslagarfaget inneber å reflektere over og vurdere ulike

fagtekstar, og å tolke og vurdere journalar, bilete og annan informasjon i

samband med diagnostisering. Vidare inneber det å følgje arbeidsteikningar

og arbeidsinstruksar, å finne fram til og forstå gjeldande lovverk, og å følgje

med i debattar om næringa og næringsinteresser.

Å kunne rekne

Å kunne rekne i hovslagarfaget inneber å forstå fysiske lover og biomekanikk i

samband med verking og skoing. Det inneber å berekne materiale til skoing

og å forstå kva eigenskapar og effekt verkinga, beslaget og ulike materiale

har. Vidare inneber det å velje framgangsmåtar og å stille inn og tilpasse

verktøy og utstyr. Dessutan inneber det å kunne setje opp, bruke og behandle

tal og utrekningar i drifts- og økonomistyring, ulike tabellar, diagram og enkel

statistikk.

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i hovslagarfaget inneber å bruke digitale ressursar til

verking og skoing og i dagleg drift. Vidare inneber det å bruke digitale

ressursar i kommunikasjon med kundar og andre, og å bruke system for

drifts- og økonomistyring og kundeoppfølging. Det inneber òg å bruke digitale

ressursar til å søkje etter og innhente informasjon og å utvikle etisk medvit og

vise digital dømmekraft.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering hovslagarfaget

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne:

  • planleggje, vurdere, gjennomføre og dokumentere verking og skoing av
    hest
  • arbeide i tråd med gjeldande regelverk for dyrevelferd og verke og sko
    hest på ein slik måte at det fremjar velferd, helse og prestasjonar
  • kjenne att og beskrive språket, åtferda og normaltilstandane til hesten,
    og handtere hest på ein trygg og etisk forsvarleg måte
  • vurdere anatomien og eksteriøret til hesten med vekt på dei nedre
    ekstremitetane, og gjere greie for oppbygginga av beinet og hoven med
    ytre og indre strukturar
  • vurdere og korrigere beinstilling på føl og unghestar

  • beskrive gangartane og vurdere bevegelsesmønsteret til hesten, og
    vurdere korleis verkinga og beslaget påverkar dette
  • velje, tilpasse og halde ved like verktøy og utstyr til arbeidet som skal
    utførast
  • velje materiale og dimensjonar på beslag etter korleis hesten blir brukt,
    og kva behov han har, og sko med eigna bruks- eller sjukebeslag
  • verke for berrfot og beslag og grunngi val for tilskjering

  • tilverke beslag etter mål og arbeidsteikning

  • vurdere effektar og bieffektar av beslag og ulike modifikasjonar på
    desse, og modifisere beslaget slik hesten treng
  • sveise for relevant hovslagararbeid

  • vurdere korleis ytre faktorar og levemiljøet til hesten påverkar hoven,
    hovhelsa og behova til hesten, og ta omsyn til dette i verking og skoing
  • gjere greie for eigenskapane til ulike produkt og materiale som blir
    nytta i skoing og verking, og bruke desse etter behov
  • utføre teknikkar for reparasjon og oppbygging av hovar, og leggje
    hovbandasje
  • identifisere og førebyggje smerte, skadar og sjukdommar, og tilvise
    vidare når tilstanden krev ekstern kompetanse og behandling
  • samarbeide med veterinær i førebygging og behandling av skadar og
    sjukdommar
  • samarbeide med og rettleie hestehaldaren og anna hestepersonell om
    skoing og hovpleie
  • bruke fagspråk som er tilpassa mottakaren i samarbeid og
    kommunikasjon med veterinær, anna hestepersonell og hestehaldaren
  • vurdere smittefare og setje inn smitteverntiltak

  • vurdere risiko i hovslagarabeid og gjennomføre tiltak for å redusere
    risikoen
  • utføre arbeidsoppgåver på ein ergonomisk rett måte, gjere greie for
    vanlege belastningsskadar og setje i verk tiltak for å unngå desse
  • utforske dei kulturhistoriske tradisjonane i hovslagarfaget, og reflektere
    over kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell
    yrkesutøvar
  • identifisere faktorar som påverkar arbeidsmiljø, økonomi og kvalitet,
    setje i verk forbetringstiltak og gjere greie for drift av næringsverksemd
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i
    faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og
    arbeidstakaren

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse.

Lærlingane viser og utviklar kompetanse i hovslagarfaget når dei bruker

kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.

Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst

gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med

lærlingane om utviklinga deira i hovslagarfaget. Lærlingane skal få høve til å

uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg

utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse

opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen

sin i faget.

Vurderingsordning

Sluttvurdering

Før fagprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i

faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje

ha førebuingsdel.

Opplæringa i hovslagarfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til

fagprøva, som skal gjennomførast over to vyrkedagar.