Læreplan i hovslagerfaget Vg3 / Opplæring i bedrift

NB! Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2021.
Den nye versjonen av læreplanen for Hovslagarfaget (HVS03‑01) innføres fra 1.8.2021.
De som har lærekontrakt for opplæring i bedrift som starter før denne datoen, skal følge understående versjon.


Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8.februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjeld frå 1. august 2008.

Føremål

Ein hovslagar skal sko og skjere hóvar på alle typar hestar. Med aukande bruk av hest i tradisjonelle og nye næringar aukar også etterspurnaden etter profesjonelle fagfolk som kan sikre velferda og tryggleiken for både hest og menneske.

Hovslagarfaget skal førebu lærlingen på ein yrkeskarriere som hovslagar. Faget skal medverke til å utvikle kompetanse på bein og hóvar på hesten og ferdigheiter knytte til skoning. Vidare skal faget fremme kompetanse om førebygging og behandling av sjukdom og skadar og leggje vekt på det særeigne ved å arbeide med dyr, med dei krava det set til etikk og helse, miljø og tryggleik. Faget skal gi innblikk i historia og utviklinga til hovslagarfaget og samtidig førebu framtidige yrkesutøvarar på at yrket vil vere i endring.

Opplæringa i hovslagarfaget skal byggje på ei heilskapleg forståing der teori og praksis heng saman. Opplæringa skal synleggjere dei særlege utfordringane yrkesutøvaren vil møte i arbeid med levande dyr. Vidare skal opplæringa leggje til rette for at lærlingen kan oppleve meistring av arbeidsoppgåver, og leggje vekt på dyrevelferd og etikk. Opplæringa skal også medverke til refleksjon over utført arbeid og til utvikling av god yrkesutøving og evne til å sjå nye næringsutviklingsstrategiar innan hovslagarfaget.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er hovslagar.

Struktur

Hovslagarfaget er samansett av tre hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

  • Hovpleie
  • Helse og sjukdom
  • Verktøy og materiale

Omtale av hovudområda

Hovpleie

Hovudområdet dreiar seg om arbeidsoppgåvene og yrkesutøvinga til hovslagaren. I dette inngår hesteforståing og hestehandtering, verking og skoning, balansering og korrigering. Kommunikasjon med anna hestepersonell, krav og normer i arbeidslivet, dyrevelferd, etikk og regelverk er ein del av hovudområdet.

Helse og sjukdom

Hovudområdet omfattar hestens anatomi med vekt på bein og beinstilling, og vanlege hovsjukdommar og skadar. Helse, miljø og tryggleik og gjeldande kvalitetskrav i samband med hestehald står sentralt i dette hovudområdet.

Verktøy og materiale

Hovudområdet omfattar val av materiale til bruk i hestesko, verktøy, smi- og sveiseteknikkar og dagleg og periodevis vedlikehald av verktøy.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I hovslagarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i hovslagarfaget inneber å forklare og grunngi val og diskutere forslag og løysingar. Det vil seie å forklare og presentere prosessar og produkt for kundar, styresmakter og andre. Det inneber også å formidle informasjon i samband med skoning av hest for ein kunde.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i hovslagarfaget inneber å rapportere, dokumentere og presentere prosessar og produkt. Det vil også seie å føre oversikt over utført og planlagt arbeid.

Å kunne lese i hovslagarfaget inneber å nytte bruksrettleiingar, datablad for helse, miljø og tryggleik og fagstoff. Vidare vil det seie å orientere seg i gjeldande regelverk og følgje med i debattar om næringa og næringsinteresser i dagspressa og andre medium.

Å kunne rekne i hovslagarfaget inneber å rekne ut volum, areal, lengd, vekt, fart, tid og distanse og å setje opp enkle inntekts- og utgiftskalkylar. Dessutan vil det seie å gjere enkle målingar av fysiske og kjemiske parametrar, setje opp og tolke tabellar, diagram og enkel statistikk.

Å kunne bruke digitale verktøy i hovslagarfaget inneber å presentere og leggje til rette informasjon og fagstoff og å gjere kalkulasjonar.

Kompetansemål, etter Vg3

Hovpleie

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

• planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere hovslagararbeid
• handtere hest på ein etisk forsvarleg måte og arbeide i tråd med gjeldande regelverk for dyrevelferd
• gjere greie for samanhengar mellom innsatsfaktorar og økonomisk resultat i hovslagararbeid
• arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i hovslagarbransjen, og gjere greie for dei pliktene og rettane arbeidsgivaren og arbeidstakaren har
• utføre arbeidsoppgåver i hovslagarfaget på ein ergonomisk riktig måte
• kommunisere og samarbeide med anna hestepersonell
• vurdere risiko og bruke verneutstyr
• verke for berrfot og beslag
• velje eigna materiale og dimensjon på hestesko etter korleis hesten blir brukt, og kva behov han har
• ta mål av ein hóv og lage sko til han
• tilverke og bruke parallellsko, eggbarsko, ringsko og kilesko og utføre holslåing, plassere broddhol etter behov, lage reisttå og tverrtå, kappe og trailer på skoen
• tilpasse hestesko varmt og kaldt
• påverke overrullinga til hóven og balansere og korrigere etter kva behov hesten har, og etter bruksområde og alder
• saume på skoen og pusse av hóven på ein fagmessig måte
• sko med solar
• vurdere og korrigere beinstilling på føll og unghestar

Helse og sjukdom

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

• gjere greie for anatomi og eksteriør til hesten
• gjere greie for korleis hóven er bygd opp med knoklar, sener, hornlag og blautdelar
• skildre rørslemønsteret til hesten i alle gangartar
• kjenne igjen og skildre normal og avvikande beinstilling, aksebrot og vanlege misdanningar
• førebyggje og behandle slitasje og skadar på beina og hóvane til hesten
• gjere greie for og identifisere vanlege betennelsestilstandar og infeksjonar
• behandle vanlege skadar og sjukdomstilstandar og vurdere når tilstanden krev behandling av veterinær
• kommunisere med veterinær og samarbeide om førebygging og behandling
• leggje hovbandasjar og sko med sjukebeslag
• gjennomføre førebyggjande helsetiltak og forklare sjukdomstrekk og rettleie hesteeigarar om førebygging og behandling av sjukdom og skadar
• vurdere risiko for dyr og menneske i omgang med hest, og arbeide i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
• utføre teknikkar for reparasjon og oppbygging av hóvar

Verktøy og materiale

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

• utføre herding
• velje materiale til verktøy og hestesko
• utføre dagleg og periodisk vedlikehald av verktøy
• velje verktøy og tilpasse verktøyet til arbeidsoppgåve og brukar
• utføre elektrisk sveising og essesveising
• utføre stuking, strekking, stempling av hòl og tilverking med oppslagar

Vurdering, Vg3 hovslagarfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde:

  • Hovpleie
  • Helse og sjukdom
  • Verktøy og materiale

Ordning:

  • Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på to vyrkedagar.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.